AKTIVITETAR
Få stader kan skilta med fleire aktivitetstilbod enn Voss - Sommar og vinter, haust eller vår. Voss er eit eldorado for den sportsinteresserte. Her kan du utfordra deg sjølv ved å prøva rafting, riverboard, elvekajakk, fallskjermhopping og paragliding og mykje meir. For den som tar det rolegare byr Voss på flotte sykkel-, golf-, fjell- og fiskeopplevingar. Skisesongen varer fra desember til april

Vandrarheimen ligg 10 meter frå Vangsvatnet og her kan du bada om sommaren.
Hjå oss kan du også leie sykkel og ta ein tur rundt Vangsvatnet eller sykla langs Rallarvegen. Vi har og har eigen sauna som det kan vera godt å slappa av i etter dagens opplevingar.

Voss er også kjent for arrangementa Vossa Jazz, Smalahovesleppet, Ekstremportveko og Osafestivalen.

.
Sjå meir informasjon på vår lenkeside