| LEIRSKULE Vi tilbyr eit fagleg godt og spennande opplegg for leirskule både vinter og vår/haust. Leirskulelærar er Knut Haugo. Kontakt han gjerne for spørsmål på tlf 97 56 29 52 Han vil så langt det er mogeleg, møta fram på skular og i klassar før leirskuleopphaldet. Slik avtale vert gjort direkte med Knut.
VINTERLEIRSKULE På Voss Leirskule ynskjer me at elevane skal verte trygge i fjellet. Dei lærer grunnleggande handsaming av alpin og turskiutstyr. Dei får instruksjon i skiferdigheiter på alle nivå. For dei som er ukjende med fjell og ski er det viktigaste at dei vert trygge nok til å kunne utvikle seg vidare. Me vil at dei skal finne gnisten og gleda ved å opphalda seg i vinterfjellet. For dei fjellvande har me opplegg for å verte sikrare og meir sjølvstendig i fjellet. Organisering av aktivitetane ved opphaldet: Måndag: Innkvartering på Voss Vandreheim. Etter at romma er fordelt vert det ein kort orientering om ”skikk og bruk” ved Voss Leirskule. Me tek so gondol til Hanguren, der me får utlevert og tilpassa utstyr. Tysdag: Me byrjar med morgonmøte der tryggleik og køyrereglar i alpinanlegget er fyrste post. Me ser på vêrmeldinga og snørapportane for dagen. Når me er komen på fjellet vert det kartlegging av elevane sine ferdigheitsnivå, slik at ein får grupper med nokolunde likt utgangspunkt. Dette vert gjort i forbinding med grunntrening i alpin skiteknikk. Resten av dagen brukar me på å verte kjende i skianlegget, kva type heisar, kvar finn ein fyrstehjelpsstasjonar, varmestove og liknande. Det er eit mål at elevane skal føle seg trygge i møte med ”alle” type heisar, og vere kompetente brukarar av eit alpinanlegg. Onsdag: Morgonmøte, me ser på vêrmelding og snørapport. Om skulen har tinga det på førehand, er dette turdagen. Det vert då grunnopplæring i turski, ein tur i tråkka langrennsløype og snøholebygging. Her vert det både teori og praksis i korleis ein kan redda seg til fjells. Om skulen ikkje ynskjer turskiopplæring vert det meir trening i alpinbakken. Her kan dei som ynskjer òg få prøva seg i terrengparken og på Big Air-bagen på Slettafjellet. Terrengparken har hopp og utfordringar for alle ferdigheitsnivå. Torsdag: Morgonmøte med vêrmelding og snørapport. Etter litt finpussing på teknikken får elevane utforske anlegget på eigenhand, det vert felles lunsj for alle grupper på Slettafjellet. Dei som ynskjer ekstra tid med instruktør får mogelegheit til dette. Fredag: Morgonmøte, gjennomgang av rutinar ved innlevering av utstyr. Om det er tid rekk me ei lita økt i bakken før utstyr skal leverast.
Om skulen ynskjer andre aktivitetar og kurs, er dette sjølvsagt mogeleg. Ta kontakt på e-post eller telefon så får me til det meste.
Utstyrsliste vinter:
-Tjukke og tynne ullsokkar -Stilongs -Vindbukse -Undertøy -Regndress -Skjerf, vottar, lue -Innesko/ tøflar -Inneklede -Ryggsekk til turbruk (skulesekken) -Termos med kopp
| -Skjorter/tynne, genserar -Tjukk genser -Bukser -Anorakk/ vindjakke -Matboks -Toalettsaker -Handklede -Solbriller -Solkrem (høg faktor)
|  LEIRSKULE HAUST OG VÅR Måndag Tema-Vestnorsk kulturhistorie. 12:00 Lunsj, elevane har med eiga niste. 13:00 Elevane går til Voss Folkemuseum, Mølstertunet, som ligg høgt og fritt, 130 m over Vossevangen. Både turen opp og utsikta frå museet vil gje ei god orientering om kvar elevane bur og om Voss sentrum. Omvising med oppgåver. 16:00 Tilbake til Vandrarheimen? Informasjon om opphaldet og om leirskulen. 18:00 Middag Tysdag Tema Økologisk jordbruk/vestlandsbonden 07:30 Frukost. Deretter Informasjon om opplegget for dagen. Elevane vert delte i to grupper og nyttar halve dagen på Finnegarden og halve dagen på Vandrarheimen. 09:00 Gruppe 1 tek opp garn, sløyer fisk og legg på frys. Målet er å gje auka kunnskap om ulike fiskemetodar som otring, dorging, not- og garnfiske; dette sett inn i ein historisk samanheng kring vestlandsbonden. Alle får koma ut på Vangsvatnet i robåt eller kano. Gruppe 2 haustar økologisk dyrka grønsaker, urter og egg samt sesongens frukt og bær på Finnegarden og lærer fletting av korger til innhausting og knivbruk. Omvising i Finnesloftet frå 1200-talet. 12:00 Lunsj 13:00 Gruppe 1 går til Finnegarden, gruppe 2 er på Vandrarheimen. 18:00 Middag Onsdag Tema - Det vestnorske mangsysleriet 07:30 Frukost 08:30 Avreise til Jordbruksskulen 09:00 Gruppene arbeider på stasjonar. Foredling av råvarer frå Finnegarden, sylting, tradisjonsbakst, urtesmør, kulturlandskapsarbeid, handtverksarbeid 12:00 Lunsj. Etter lunsj held arbeidet fram. 15:30 Buss attende til Vandrarheimen. 19:00 Festmiddag med rettar som elevane har hausta sjølve og foredla.
Torsdag Tema Stølsliv & Fjelltur 07:30 Frukost 08:30 Samling og informasjon om dagens program. 10:00 Avreise fjelltur. Turen går innom stølar med orientering om tradisjonelt stølsliv. 18:00 Middag Fredag Tema Vestnorsk landskap & geologi-istid. 07:30 Frukost 08:30 Samling med informasjon om dagens program. 09:30 Tur til Bordalsgjelet, båt fram og attende. 12:00 Lunsj. Heimreise NB! Klokkesletta er ikkje endelege, men avhenger av gruppas størrelse.


Frivillig Raftingdag: Vi raftar i Vosso frå Geitle til Evanger, ca 7 km med morosame og sikre elvestryk. Vi tek med både store, stødige båtar som tek opp til 7 deltakarar, og små 2-mannsraftar for dei som vil ha ei større utfordring. Vi lovar mykje bading og moro, men aktiviteten egnar seg også særs godt for å øve samhandling og konsentrasjon!
Voss Rafting Senter AS syter for det beste og varmaste utstyret på marknaden, profesjonelle guidar og eit trygt og gjennomarbeida opplegg.
Program Raftingdag 09.00 Avreise frå Voss Vandrerhjem med sykkel (evnt buss kl 09.15). Leirskulen stiller med syklar, og leirskulelærar vil følgje gruppa. Turen går via Lundarosen langs austsida av Lundarvatnet til Voss Rafting Senter på Skulestadmo. Til saman ca 5 km lett sykling. 09.30 Praktisk informasjon om arrangementet og omkledning til raftingutstyr.
10.00 Transport med buss til elva. Rafting i Vosso.
13.00 Retur til raftingsenteret. Dusj og omkledning. Det vil bli tatt bilete frå turen. Desse blir synt på ein storskjerm, og det er mogleg å kjøpe desse på CD eller papir på staden. 13.30 Lunsjpause ved raftingsenteret. Medbrakt nistepakke. Det blir servert saft. 14.00 Sykling/buss attende til vandrarheimen. Ta med: badetøy og handkle Kontakt oss for pris. Prisar 2009/2010 Vår/haust per elev: 1575,- Inkl. opphald og alle måltid Vinteropphald, per elev: 1550,- Inkl. opphald og alle måltid Leige av snowboard og carving alpinski: kr 400,- Heiskort: kr 520,- (med atterhald om prisendring). Tillegg for leirskulepedagog som ikkje er dekka av refusjonsgaranti. Tillegg for frivillig Raftingdag. www.vossresort.no www.vossrafting.no
|