OM OSS

Voss Vandrarheim ligg ved Vangsvatnet på garden Finne nær Voss sentrum. Me ligg vakkert til med vatn på eine sida og gamalt kulturlandskap på andre sida. Finne er ein av mange gamle gardar på Voss med drift attende til jernalderen. Her står mellomalderbygninga Finnesloftet frå 1200-talet. Frå denne tida er alle eigarar av garden kjent.

Landskapet vårt er til nytelse og til nytte. Mange av råvarene våre haustar me berre eit steinkast frå kjøkkenet - fisk frå den blå åkeren, økologiske grønsaker, urter bær og frukt frå den grøne åkeren.

Sjå tilbud-siden for aktuelle tilbud og kurs!

Me har eit godt kjøkken og lyse, trivelege matsalar med stor utsikt over vatnet til fjellet Gråsida i sør. Gjennom året nyttar kjøkkenet økologiske råvarer frå Finnegarden som dyrkar rundt femti ulike matvekstar. I sommarsesongen serverer vi middag kl 17-21 onsdag til sundag, og lokalfavoritten "Raspekaker" torsdag og fredag kl 13-20 tilbys ut på hausten. Velkomen!

Norske Vandrerhjem
Norske Vandrerhjem er en sammenslutning av over 70 overnattingsbedrifter, som er tilsluttet Hostelling International. Hostelling International er verdens største overnattingskjede med mer enn 4 500 vandrerhjem i over 80 land. Norske Vandrerhjem er samtidig en ideell medlemsorganisasjon, åpen for alle interesserte, med ca 8 000 medlemmer i Norge og mer enn 3,5 millioner medlemmer på verdensbasis.


Transport
Voss Vandrarheim ligg vakkert til ved Vangsvatnet, 700 meter frå tog- og busstasjonen, og ca 1 km fra Voss Sentrum. Vandrarheimen har eiga parkering med god plass til privatbilar og bussar.

Kart
Voss

Avstandar med bil:

Voss - Oslo: 420.7 km - 6 t 5 min
Voss - Bergen: 97.4 km - 1 t 22 min

Tog: ca 1 time frå Bergen og ca 5 timar frå Oslo.
Sjå www.nsb.no for meir informasjon

Buss. Lenkjer til busselskap: www.hsd.no, www.nor-way.no

Til toppen