English version Voss Vandrarheim

På Voss Vandrarheim bur du sosialt og komfortabelt, men så rimeleg at du kan prioritera opplevingar i ferien din. Vandrarheimen har ein unik plassering like ved Vangsvatnet og er det ideelle bualternativ når ein vil oppleva Voss og den vakre naturen her – både sommar og vinter.

I vintersesongen er Voss eit skieldorado og på sommaren kan du velja mellom fot- og sykkelturar, elvepadling, paragliding, fallskjermhopping, rafting, riding og mykje meir.

Vi ynskjer at Voss Vandrarheim skal ha ein klar økologisk og miljøvennleg profil. Framover vil vi kontinuerlig arbeida med å utvikla spennande lunsj- og middagsmenyar i tillegg til vår økologiske frukostbuffet.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

OM OSS
Voss Vandrarheim ligg på eigedomen til garden Finne nær Voss sentrum. På garden Finne kan ein fylgje slektslinja så langt tilbake som til 1200-talet. Det skal ha vore denne slekta som i si tid dreiv den kjende Finnegarden på Bryggen i Bergen.

På eigedommen finn ein og Finneloftet som er ei høvdingstove frå 1200-talet. Finneloftet har spela ei viktig rolle for utviklinga på Voss og i indre delar av Hardanger. Trebygningen er den eldste profane bygningen i Norge.

Norske Vandrerhjem
Voss Vandrarheim er medlem i organisasjonen Norske Vandrerhjem som har ca 70 overnattingstader i Norge. Eit medlemskap kostar 250,- per år og gjer deg rabattar på alle medlemsbedriftene i Norge og i utlandet. Det er ei spesiell oppleving å bu på ein vandrarheim. Ikkje berre fordi det er billigare å bu der, det er mykje meir enn det. Å bu på vandrarhjem kan forandre noko i livet ditt. Det har med den uformelle atmosfæren og menneska å gjere. På vandrerheimen vil du treffe folk som har andre mål i med reisa en flotte rom og dyre middager. I alle aldre og frå fleire nasjonar. Alene, i følge eller saman med familien.

Det starta med ein lærar
I begynnelsen av forrige århundre var den tyske skolelæreren Richard Schirrmann opptatt av å ta med seg sine elever på turar for at dei skulle sjå nye stader og få nye impulsar. Men det var et problem å finne gode, trygge og rimelige steder å overnatte. I 1909 fikk han ideen om å ta i bruk skuler som sto ledige om sommeren og i helgane. "Ungdomsherberget" var skapt. Det tok ikke lang tid før det fantes ungdomsherberge over heile Europa. Det første i Norge blei opna i 1930, og i dag finnes det vandrarheim i 80 land over hele verden.

Transport
Voss Vandrarheim ligg idyllisk til ved Vangsvatnet, 700 meter fra tog- og busstasjonen, og ca1 km fra Voss Sentrum. Vandrarheimen har eigen parkering med plass til både privatbilar og bussar.

Kart
Voss

Avstander med bil:

Voss – Oslo: 420.7 km - 6 t 5 min
Voss – Bergen: 97.4 km - 1 t 22 min

Tog: ca 1 time frå Bergen og ca 5 timar frå Oslo.
Sjå www.nsb.no for meir informasjon

Buss. Lenkar til busselskap: www.hsd.no, www.nor-way.no, www.lavprisekspressen.no

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------AKTIVITETAR
Få stader kan skilta med fleire aktivitetstilbod enn Voss - Sommar og vinter, haust eller vår. Voss er eit eldorado for den sportsinteresserte. Her kan du utfordra deg sjølv ved å prøva rafting, riverboard, elvekajakk, fallskjermhopping og paragliding og mykje meir. For den som tar det rolegare byr Voss på flotte sykkel-, golf-, fjell- og fiskeopplevingar. Skisesongen varer fra desember til april

Vandrarheimen ligg 10 meter frå Vangsvatnet og her kan du bada om sommaren.
Hjå oss kan du også leie sykkel og ta ein tur rundt Vangsvatnet eller sykla langs Rallarvegen. Vi har og har eigen sauna som det kan vera godt å slappa av i etter dagens opplevingar.

Voss er også kjent for arrangementa Vossa Jazz, Smalahovesleppet, Ekstremportveko og Osafestivalen.

.
Sjå meir informasjon på vår lenkeside

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

LEIRSKULE
Vi tilbyr eit fagleg godt og spennande opplegg for leirskule både vinter og vår/haust.

1

Leirskulelærar er Knut Haugo
Kontakt han for spørsmål på 99 20 71 66

Han vi så langt det er mogeleg, besøka skuler og klassar før leirskuleopphaldet. Slik avtale vert gjort direkte med Knut.

Prisar
Vår/haust per elev:           Inkl. opphald og alle måltid
Vinteropphald, per elev: 1550,- Inkl. opphald og alle måltid
Leige av utst: Snowboard: ikke klart Slalomski: ikke klart Heiskort: 520,-


Program Haust og Vår leirskule

Måndag
Tema-Vestnorsk kulturhistorie.
12:00 Lunsj, elevane har med eiga niste.
13:00 Elevane går til Voss Folkemuseum, Mølstertunet, som ligg høgt og fritt, hundreogtretti meter over Vossevangen. Både turen opp og utsikta frå museet vil gje ei god orientering om kvar elevane bur og om Voss sentrum. Omvising med oppgåver.
16:00 Tilbake til Vandrarheimen – informasjon om opphaldet og om leirskulen.
18:00 Middag
20:00 Frivillige aktivitetar; Garnsetjing i vatnet, film.

Tysdag
Tema – Økologisk jordbruk/vestlandsbonden
07:30 Frukost. Deretter Informasjon om opplegget for dagen. Elevane vert delte i to grupper og nyttar halve dagen på Finnegarden og halve dagen på Vandrarheimen.
09:00 Gruppe 1 tek opp garn, sl øyer fisk og legg på frys. Målet er å gje auka kunnskap om ulike fiskemetodar som otring, dorging, not- og garnfiske; dette sett inn i ein historisk samanheng kring vestlandsbonden. Alle får koma ut på Vangsvatnet i robåt eller kano.
Gruppe 2 haustar økologisk dyrka grønsaker, urter og egg samt sesongens frukt og bær på Finnegarden og lærer fletting av korger til innhausting og knivbruk. Omvising i Finnesloftet frå 1200-talet.
12:00 Lunsj
13:00 Gruppe 1 går til Finnegarden, gruppe 2 er på Vandrarheimen.
18:00 Middag
20:00 Praktisk prøve/gruppearbeid. ”Quiz” med spørsmål om dagens aktivitetar.

Onsdag
Tema – Stølsliv – Fjelltur
07:30 Frukost
08:30 Samling og informasjon om dagens program.
10:00 Avreise fjelltur. Turen går innom stølar med orientering om tradisjonelt stølsliv.
18:00 Middag

Torsdag
Tema - Det vestnorske mangsysleriet
07:30 Frukost
08:30 Avreise til Jordbruksskulen
09:00 Gruppene arbeider på stasjonar Foredling av råvarer frå Finnegarden, sylting, tradisjonsbakst, urtesmør, kulturlandskaparbeid, handtverksarbeid
12:00 Lunsj. Etter lunsj held arbeidet fram.
15:30 Buss attende til Vandrarheimen.
19:00 Festmiddag med rettar som elevane har hausta råvarer til og foredla.

Fredag
Tema – Vestnorsk landskap – geologi-istid.
07:30 Frukost
08:30 Samling med informasjon om dagens program.
09:30 Tur til Bordalsgjelet, båt fram og tilbake.
12:00 Lunsj.
Heimreise




2

Vinterleirskule: Skileik / skidugleik
DAG 1 DAG 2 DAG 3 DAG 4 DAG 5
Tilvenning på ski/ snowboard Grunnopplæring
Vidare opplæring
Vidare opplæring
Individuell opplæring og frikøyring i bakken










Utstyrsliste vinter: (må ha med)
-Tjukke og tynne ullsokkar
-Stilongs
-Vindbukse
-Undertøy
-Regndress
-Skjerf, vottar, lue
-Innesko/ tøflar
-Inneklede
-Ryggsekk til turbruk (skulesekken)
-Termos med kopp
-Skjorter/tynne, genserar
-Tjukk genser
-Bukser
-Anorakk/ vindjakke
-Matboks
-Toalettsaker
-Handklede
-Laken, dynetrekk, putevar(stort),
(NB! Ikkje sovepose!)
-Solbriller
-Solkrem (høg faktor)














3

Detaljert program for frivillig Raftingdag til ekstra kostnad:
Vi rafter i Vosso frå Geitle til Evanger, ca 4 km med morosame og sikre elvestryk. Vi tek med både store, stødige båtar som tek opp til 7 deltakarar, og små 2-mannsraftar for dei som vil ha ei større utfordring. Vi lovar mykje bading og moro, men aktiviteten egnar seg også særs godt for å øve samhandling og konsentrasjon!

Voss Rafting Senter AS syt for det beste og varmaste utstyret på marknaden, profesjonelle guidar og eit trygt og gjennomarbeida opplegg.

Program Raftingdag

10.00 Avreise frå Voss Vandrerhjem med sykkel/buss. Leirskulen stiller med syklar, og leirskulelærar vil følgje gruppa. Turen går via Lundarosen langs austsida av Lundarvatnet til Voss Rafting Senter på Skulestadmo.
Til saman ca 5 km lett sykling.

11.00 Lunsjpause ved raftingsenteret. Medbrakt matpakke. Det blir servert saft.

11.30 Praktisk informasjon om arrangementet og omkledning til raftingutstyr.

12.00 Transport med buss til elva. Rafting i Vosso.

15.00 Retur til raftingsenteret. Dusj og omkledning. Det vil bli tatt bilete frå turen.
Desse blir synt på ein storskjerm, og det er mogleg å kjøpe desse på CD eller papir på staden.

16.00 Sykling/buss tilbake til vandrerhjemmet.
Ta med: badetøy og handkle

4

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

PRISAR
Voss Vandrarheim held ope for arrangement og grupper heile året og for individuelle bestillingar i perioden 10/1-15/12.

Totalt har vi 40 rom (200 senger), der du kan velge i ulike pris- og standardkategorier. Alle romma har dusj/WC. Vi har ikkje tv/telefon på romma, men har felles tv-stue, peisestue og gjestekjøkken. Vi har også bordtennisbord, utandørs ballbane og ei flott strandlinje. Det er og tilrettelagt for handikapa

I spisesalen serverer vi frukost og dagens middag i høgesong. Kafeen i resepsjonen sel vi kioskvarer og smårettar. Dette kan nytast inne eller på vår herlege uteterrasse der ein har utsikt mot Vangsvatnet og fjellet. Voss Vandrarheim er alkoholfri og egnar seg difor spesielt godt for organisasjonar for barn og unge. Vi har spesialprisar retta mot skuler, idrett, lag og organisasjonar (SILO-prisar). Sjå eigne prisar.

 

Til turoperatørar og lag og organisasjonar tilbyr vi eigne prisar. SILO PRIS + leige av møterom.
Booking: www.vandrerhjem.no eller epost til booking@vosshostel.com

 
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------